Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 12:40-53 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

40. Så ver budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.

41. Då spurde Peter: «Herre, seier du denne likninga berre til oss, eller er ho for alle?»

42. Herren svara:Kven er den trugne og kloke hushaldaren, den som husbonden set over tenestfolket sitt, så han kan gje dei mat i rett tid?

43. Det er den tenaren som husbonden finn i arbeid med dette når han sjølv kjem attende. Sæl er han!

44. Sanneleg, det seier eg dykk: Husbonden skal setja han over alt det han eig.

45. Men dersom tenaren seier med seg: «Herren min dryer nok endå ei stund,» og han så tek til å slå tenestgutane og jentene og eta og drikka og fylla seg,

46. då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av, og hogga han ned og la han få same lagnad som dei vantruande.

47. Den tenaren som veit kva herren hans vil, og likevel ikkje steller i stand eller gjer det han vil, han skal få mange slag.

48. Men den som ikkje veit det og gjer det som fortener slag, han skal sleppa med færre.Den som mykje har fått, av han vert det venta mykje. Og den som mykje er tiltrudd, av han skal det krevjast di meir.

49. Eg er komen for å kasta eld på jorda; kor gjerne eg ville at han alt hadde fata!

50. Ein dåp må eg døypast med; kor eg gruar meg til han er fullført!

51. Trur de eg er komen for å skapa fred på jorda? Nei, seier eg dykk, ikkje fred, men strid.

52. Er det fem i ein heim, skal dei heretter liggja i strid med kvarandre: Tre mot to og to mot tre;

53. far skal stå mot son og son mot far, mor mot dotter og dotter mot mor, vermor mot sonekone og sonekone mot vermor.