Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 11:52-54 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

52. Ve dykk lovkunnige! De har teke kunnskapsnykelen. Sjølve gjekk de ikkje inn, og dei som ville gå inn, hindra de.»

53. Då Jesus gjekk ut derifrå, var dei skriftlærde og farisearane fælande harme og trengde seg inn på han med mange slag spørsmål.

54. Dei lurte på han og prøvde å få han til å seia eitkvart som dei kunne klaga han for.