Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 11:41-53 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

41. Gjev heller dei fattige det som inni er, og sjå, då vert alt reint for dykk.

42. Men ve dykk, farisearar! De gjev tiend av mynte, kryddeplanter og alle slag grønsaker, men bryr dykk ikkje om rettferd og kjærleik til Gud. Dette skulle gjerast, og det andre ikkje latast ugjort.

43. Ve dykk, farisearar! De elskar å sitja fremst i synagogene og vil gjerne at folk skal helsa dykk på torget.

44. Ve dykk! De liknar graver som ikkje lenger er synlege; folk går på dei og veit ikkje av det.»

45. Då tok ein av dei lovkunnige til ords og sa: «Meister, når du seier slikt, krenkjer du oss òg.»

46. Men Jesus svara: «Ve dykk, de lovkunnige òg! De legg tunge bører på folk, men sjølve rører de dei ikkje med ein finger.

47. Ve dykk! De byggjer gravmæle over profetane, dei som fedrane dykkar slo i hel.

48. Så er de vitne som går god for det fedrane dykkar gjorde, og samtykkjer i det. For dei slo profetane i hel, og de byggjer gravmæle.

49. Difor har òg Guds visdom sagt: Eg vil senda profetar og apostlar til dei; somme skal dei slå i hel, andre skal dei forfylgja.

50. Difor skal denne ætta få svara for alt profetblodet som har runne frå verda vart grunnlagd,

51. frå drapet på Abel til drapet på Sakarja, han som lét livet mellom altaret og templet. Ja, seier eg dykk, denne ætta skal svara for det.

52. Ve dykk lovkunnige! De har teke kunnskapsnykelen. Sjølve gjekk de ikkje inn, og dei som ville gå inn, hindra de.»

53. Då Jesus gjekk ut derifrå, var dei skriftlærde og farisearane fælande harme og trengde seg inn på han med mange slag spørsmål.