Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 11:29-45 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Som no folket flokka seg om han, tok han atter til ords:Denne ætta er ei vond ætt. Ho krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet.

30. For liksom Jona vart eit teikn for folket i Ninive, såleis skal Menneskesonen verta det for denne ætta.

31. Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med mennene i denne ætta og føra klagemål mot dei. For ho kom heilt frå verdsens ende og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo!

32. Folk frå Ninive skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For dei vende om då Jona bar fram bodskapen sin. Og her er meir enn Jona!

33. Ingen kveikjer eit ljos og set det i kjellaren eller under eit kar. Nei, han set det i staken, så dei som kjem inn, kan sjå skinet frå det.

34. Auga gjev lekamen ljos. Når auga ditt er friskt, er heile lekamen din ljos. Men er auga sjukt, er lekamen din òg mørk.

35. Sjå då til at ljoset i deg ikkje er mørker!

36. Er no heile lekamen din ljos, og ingen del av han mørk, då vert alt ljost, som når ei lysande lampe skin på deg.

37. Då han hadde tala, spurde ein farisear om han ville eta hjå han. Og Jesus gjekk inn og sette seg til bords.

38. Farisearen undra seg då han såg at Jesus ikkje duppa hendene i vatn før måltidet.

39. Men Herren sa til han:«Ja, de farisearar, de gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er de fulle av havesykje og vondskap.

40. Uvituge menneske! Han som har skapt det som er utvendes, har ikkje han skapt det som er innvendes òg?

41. Gjev heller dei fattige det som inni er, og sjå, då vert alt reint for dykk.

42. Men ve dykk, farisearar! De gjev tiend av mynte, kryddeplanter og alle slag grønsaker, men bryr dykk ikkje om rettferd og kjærleik til Gud. Dette skulle gjerast, og det andre ikkje latast ugjort.

43. Ve dykk, farisearar! De elskar å sitja fremst i synagogene og vil gjerne at folk skal helsa dykk på torget.

44. Ve dykk! De liknar graver som ikkje lenger er synlege; folk går på dei og veit ikkje av det.»

45. Då tok ein av dei lovkunnige til ords og sa: «Meister, når du seier slikt, krenkjer du oss òg.»