Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 11:15-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Men nokre av dei sa: «Det er Beelsebul, hovdingen over dei vonde åndene, som hjelper han å driva dei vonde åndene ut.»

16. Andre ville setja han på prøve og bad om eit teikn frå himmelen.

17. Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei:Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast, og hus etter hus fell.

18. Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans halda seg? For de seier at det er Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene.

19. Men er det Beelsebul som hjelper meg til det, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå, når dei driv ut ånder? Difor skal dykkar eigne folk døma dykk.

20. Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk.

21. Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får han ha eigedomen sin i fred.

22. Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek han våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut det han har røva ifrå han.

23. Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

24. Når ei urein ånd fer ut or eit menneske, flakkar ho over vasslause vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. Då seier ho: «Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flytte ifrå.»

25. Når ho kjem att, finn ho det feia og fjelga.

26. Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder, verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og har det vore ille med det mennesket før, vert det verre no.

27. Då han sa dette, var det ei kvinne i folkehopen som ropa: «Sælt er det morslivet som bar deg, og det bryst som du saug.»

28. Men Jesus svara: «Sei heller: Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.»

29. Som no folket flokka seg om han, tok han atter til ords:Denne ætta er ei vond ætt. Ho krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet.

30. For liksom Jona vart eit teikn for folket i Ninive, såleis skal Menneskesonen verta det for denne ætta.

31. Dronninga frå landet i sør skal stå fram i domen saman med mennene i denne ætta og føra klagemål mot dei. For ho kom heilt frå verdsens ende og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo!

32. Folk frå Ninive skal stå fram i domen saman med denne ætta og føra klagemål mot henne. For dei vende om då Jona bar fram bodskapen sin. Og her er meir enn Jona!

33. Ingen kveikjer eit ljos og set det i kjellaren eller under eit kar. Nei, han set det i staken, så dei som kjem inn, kan sjå skinet frå det.

34. Auga gjev lekamen ljos. Når auga ditt er friskt, er heile lekamen din ljos. Men er auga sjukt, er lekamen din òg mørk.