Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 10:7-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Gjev dykk til der i huset, og et og drikk det dei byd dykk! For ein arbeidsmann er si løn verd. Flytt ikkje frå hus til hus!

8. Når de kjem inn i ein by og dei tek imot dykk, så et det dei set fram for dykk!

9. Læk dei sjuke som er der, og sei: «Guds rike er kome nær til dykk.»

10. Men når de kjem inn i ein by og dei ikkje vil ta imot dykk, skal de gå ut på gatene og seia:

11. «Jamvel støvet vi har fått på føtene i byen dykkar, kan de ha; vi stryk det av oss. Men det skal de vita: Guds rike er kome nær!»

12. Eg seier dykk: På domedag skal Sodoma sleppa lettare enn den byen.

13. Ve deg, Korasin! Ve deg, Betsaida! Hadde dei mektige gjerningane som er gjorde hjå dykk, vore gjorde i Tyrus og Sidon, hadde dei for lenge sidan vendt om og kledt seg i sekk og oske.

14. Men i domen skal Tyrus og Sidon sleppa lettare enn de.

15. Og du, Kapernaum, du som vil opphøgjast like til himmelen, til dødsriket skal du støytast ned!

16. Den som høyrer dykk, høyrer meg, og den som vrakar dykk, vrakar meg. Men den som vrakar meg, vrakar han som har sendt meg.

17. Dei sytti kom glade attende og sa: «Herre, jamvel dei vonde åndene lyder oss når vi nemner ditt namn!»

18. Då sa han til dei: «Eg såg Satan falla ned frå himmelen som eit lyn.

19. Ja, eg har gjeve dykk makt til å trø på ormar og skorpionar, og makt over alt fiendens velde, og ingenting skal skada dykk.

20. Og likevel: Gled dykk ikkje over at åndene lyder dykk, men gled dykk over at namna dykkar er skrivne i himmelen!»