Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 10:28-40 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Då sa Jesus: «Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.»

29. Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?»

30. Jesus tok opp spørsmålet og sa:Det var ein mann som fór frå Jerusalem ned til Jeriko, og fall i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød.

31. No høvde det så at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk framom.

32. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk framom.

33. Ein samaritan som var ute og ferdast, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, tykte han hjarteleg synd i han.

34. Han gjekk bort til han, helte olje og vin på såra hans og batt om dei, lyfte han så opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel om han.

35. Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: «Syt vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem attende.»

36. Kven av desse tre tykkjer du bar seg åt som ein neste mot han som fall i hendene på røvarane?

37. «Den som synte miskunn mot han,» svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du av og gjer like eins.»

38. Medan dei var på ferdavegen, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta tok imot han i heimen sin.

39. Ho hadde ei syster som heitte Maria, og ho sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans.

40. Men Marta hadde det så annsamt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera åleine om alt arbeidet? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.»