Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 10:24-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. For eg seier dykk: Mange profetar og kongar hadde hug å sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå det, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra det.»

25. Då steig det fram ein mann som var kunnig i lova. Han ville setja Jesus på prøve og sa: «Meister, kva skal eg gjera så eg kan få evig liv?»

26. «Kva står skrive i lova?» sa Jesus. «Kva les du der?»

27. Han svara: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.»

28. Då sa Jesus: «Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.»

29. Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?»

30. Jesus tok opp spørsmålet og sa:Det var ein mann som fór frå Jerusalem ned til Jeriko, og fall i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød.

31. No høvde det så at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk framom.

32. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk framom.

33. Ein samaritan som var ute og ferdast, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, tykte han hjarteleg synd i han.

34. Han gjekk bort til han, helte olje og vin på såra hans og batt om dei, lyfte han så opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel om han.

35. Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: «Syt vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem attende.»

36. Kven av desse tre tykkjer du bar seg åt som ein neste mot han som fall i hendene på røvarane?