Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 10:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sidan tok Herren ut sytti andre og sende dei ut føre seg, to og to, til kvar by og kvar bygd som han sjølv skulle til.

2. Og han sa til dei:Grøda er stor, men onnefolka er få. Bed då han som eig grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.

3. Gå av stad! Eg sender dykk ut som lam mellom ulvar.

4. Ta ikkje med dykk pung, ikkje skreppe og ikkje skor, og stogga ikkje på vegen for å helsa på folk.

5. Men når de kjem inn i eit hus, skal de seia: «Fred vere med denne heimen!»

6. Vil han som bur der, ta imot fred, skal freden de kjem med, kvila over han. Dersom ikkje, skal han venda attende til dykk sjølve.

7. Gjev dykk til der i huset, og et og drikk det dei byd dykk! For ein arbeidsmann er si løn verd. Flytt ikkje frå hus til hus!

8. Når de kjem inn i ein by og dei tek imot dykk, så et det dei set fram for dykk!

9. Læk dei sjuke som er der, og sei: «Guds rike er kome nær til dykk.»

10. Men når de kjem inn i ein by og dei ikkje vil ta imot dykk, skal de gå ut på gatene og seia: