Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 1:8-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Så var det ein dag Sakarja gjorde presteteneste for Gud, for turen var komen til hans lag.

9. Då dei kasta lodd, som prestane til vanleg gjorde, fall det på Sakarja å gå inn i Herrens tempel og brenna røykjelse på altaret.

10. Heile folkemengda stod utanfor og bad medan offeret vart bore fram.

11. Då fekk han sjå ein Herrens engel, som stod på høgre sida av røykjelsesaltaret.

12. Sakarja stokk ved dette synet, og det kom otte over han.

13. Men engelen sa til han: «Ver ikkje redd, Sakarja! Gud har høyrt bøna di. Elisabet, kona di, skal føda deg ein son, og du skal kalla han Johannes.

14. Han skal verta til glede og hugnad for deg, og mange skal gleda seg av di han er fødd.

15. For han skal vera stor i Herrens augo. Vin og sterk drikk skal han ikkje smaka, og heilt frå mors liv skal han vera fylt av Den Heilage Ande.

16. Mange i Israel skal han føra attende til Herren, deira Gud.

17. Sjølv skal han gå føre Herren med same ånd og kraft som Elia hadde. Og han skal venda fedrehjarto til borna, gje dei ulydige den hug som rettferdige har, og bu folket vel for Herren.»

18. Då sa Sakarja til engelen: «Korleis kan eg vita om dette er sant? Eg er ein gamal mann, og kona mi er òg oppi åra.»

19. Engelen svara: «Eg er Gabriel, som står for Guds åsyn. Eg er send for å tala til deg og bera fram dette gledebodet.