Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 1:66-80 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

66. Alle som høyrde det, grunda på det og sa: «Kva skal vel dette barnet verta til?» Og Herren leidde han med si hand.

67. Sakarja, far hans, vart fylt av Den Heilage Ande og tala profetord:

68. Lova vere Herren, Israels Gud,for han har gjesta sitt folk ¬og løyst det ut.

69. Han har reist for oss ¬eit horn til frelsei sin tenar Davids ætt,

70. så som han lova ¬i gamle dagar,då han tala gjennom ¬sine heilage profetar

71. om å frelsa oss frå våre fiendarog frå alle dei som hatar oss.

72. Han vil syna miskunn ¬mot fedrane våreog minnast si heilage pakt,

73. den lovnaden han gav ¬vår far Abraham med eid,

74. så vi, frelste frå fiendehand ¬og utan otte,kan tena han

75. for hans åsynmed heilag hug og rettferdalle våre dagar.

76. Og du, barn, skal kallast profet ¬for Den Høgste,for du skal gå fram føre Herrenog rydja veg for han

77. og læra folket hans ¬å kjenna frelsa,at syndene deira vert tilgjevne,

78. for vår Gud er rik på miskunn.Så skal ljoset frå det høgegjesta oss som ei solrenning

79. og skina for dei som buri mørker og dødsskugge,og styra føtene våre ¬inn på freds veg.

80. Og guten voks og vart sterk i ånda. Han heldt seg i øydemarka til den dagen han steig fram for Israel.