Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 1:59-67 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

59. Den åttande dagen kom dei og skulle omskjera guten. Dei ville kalla han Sakarja etter faren,

60. men mora sa: «Nei, han skal heita Johannes.»

61. «Men det er då ingen i ætta di som har det namnet,» svara dei.

62. Så gjorde dei teikn til faren kva han ville guten skulle kallast.

63. Han bad om ei tavle og skreiv: «Johannes er namnet hans.» Alle undra seg,

64. men i det same fekk Sakarja att mål og mæle, og han tok til å prisa Gud.

65. Då kom det otte over alle dei som budde der ikring, og ordet om det som hadde hendt, breidde seg over alle fjellbygdene i Judea.

66. Alle som høyrde det, grunda på det og sa: «Kva skal vel dette barnet verta til?» Og Herren leidde han med si hand.

67. Sakarja, far hans, vart fylt av Den Heilage Ande og tala profetord: