Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 1:53-63 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

53. Han metta dei svoltne ¬med gode gåver,men sende dei rike ¬tomhendte bort.

54. Han tok seg av Israel, ¬tenaren sin,så han kom i hug

55. sin lovnad til fedrane våreog synte miskunn ¬mot Abrahamog hans ætt – til evig tid.

56. Maria vart verande hjå Elisabet om lag tre månader; så fór ho heim att.

57. Så kom tida då Elisabet skulle ha barn, og ho fødde ein son.

58. Og då grannane og skyldfolket hennar fekk høyra kor stor miskunn Gud hadde synt henne, gledde dei seg med henne.

59. Den åttande dagen kom dei og skulle omskjera guten. Dei ville kalla han Sakarja etter faren,

60. men mora sa: «Nei, han skal heita Johannes.»

61. «Men det er då ingen i ætta di som har det namnet,» svara dei.

62. Så gjorde dei teikn til faren kva han ville guten skulle kallast.

63. Han bad om ei tavle og skreiv: «Johannes er namnet hans.» Alle undra seg,