43. Korleis kan det ha seg at mor åt Herren min kjem til meg?
44. For då di helsing nådde øyra mitt, hoppa barnet i meg av fryd.
45. Ja, sæl er ho som trudde at det skulle oppfyllast, det Herren hadde sagt til henne.»
46. Då sa Maria:Mi sjel høglovar Herren,
47. og mi ånd frydar seg over Gud, ¬min frelsar.
48. For han har sett ¬til si ringe tenestkvinne.Frå no av skal alle ætter ¬prisa meg sæl,
49. for store ting har han gjort ¬mot meg,han, den mektige, ¬heilagt er hans namn.
50. Hans miskunn varer ¬frå ætt til ættfor dei som har age for han.
51. Storverk gjorde han ¬med sin sterke arm;han spreidde dei ¬som bar på hovmodstankar,
52. og støytte stormenn ned ¬frå trona,men lyfte dei låge opp.
53. Han metta dei svoltne ¬med gode gåver,men sende dei rike ¬tomhendte bort.
54. Han tok seg av Israel, ¬tenaren sin,så han kom i hug
55. sin lovnad til fedrane våreog synte miskunn ¬mot Abrahamog hans ætt – til evig tid.