Bibelen 1978-85 Nynorsk

Lukas 1:16-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Mange i Israel skal han føra attende til Herren, deira Gud.

17. Sjølv skal han gå føre Herren med same ånd og kraft som Elia hadde. Og han skal venda fedrehjarto til borna, gje dei ulydige den hug som rettferdige har, og bu folket vel for Herren.»

18. Då sa Sakarja til engelen: «Korleis kan eg vita om dette er sant? Eg er ein gamal mann, og kona mi er òg oppi åra.»

19. Engelen svara: «Eg er Gabriel, som står for Guds åsyn. Eg er send for å tala til deg og bera fram dette gledebodet.

20. Men fordi du ikkje trudde orda mine, skal du missa målet og ikkje kunna tala før den dagen dette hender. For det eg har sagt, skal oppfyllast i si tid.»

21. Imedan stod folket og venta på Sakarja, og undra seg over at han drygde så lenge i templet.

22. Men då han kom ut og ikkje kunne tala med dei, skjøna dei at han hadde hatt eit syn der inne. Han gjorde berre teikn til dei; han var og vart mållaus.

23. Då tenestetida hans var ute, fór han heim att.

24. Ei tid etter vart Elisabet, kona hans, med barn, og ho heldt seg heime i fem månader.

25. «Dette har Herren gjort for meg,» sa ho. «I desse dagar har han sett til meg og teke bort vanæra mi mellom folk.»

26. Då det leid på sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret,

27. til ei møy som var trulova med Josef, ein mann av Davids-ætta; møya heitte Maria.

28. Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!»