Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 9:13-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Her er vinhitene våre. Dei var nye då vi fylte dei, men no er dei sprokne. Og her ser de kleda og skorne våre. Dei har vorte utslitne på den endelause ferda.»

14. Då tok mennene og smaka på nista deira; men dei spurde ikkje Herren til råds.

15. Og Josva gjorde fred og pakt med dei og lova at dei skulle få leva. Og leiarane i folket gjorde eid på det.

16. Men tre dagar etter at dei hadde gjort pakt med Gibeon-buane, fekk dei vita at dei høyrde heime i grannelaget og budde tett attmed dei.

17. Då tok israelittane ut, og tredje dagen kom dei til byane deira. Det var Gibeon, Kefira, Be’erot og Kirjat-Jearim.

18. Men dei slo ikkje i hel folket der, sidan leiarane hadde gjeve dei ein lovnad og svore ved Herren, Israels Gud. Då murra heile folket mot leiarane.

19. Men alle leiarane tala til folket og sa: «Vi har gjeve dei ein lovnad og svore ved Herren, Israels Gud, og no kan vi ikkje leggja hand på dei.

20. Høyr kva vi vil gjera med dei! Vi vil spara livet deira og ikkje bryta den eiden vi svor dei. For då kallar vi Guds harme ned over oss.

21. Dei skal få leva,» sa leiarane, «men dei skal vera vedhoggarar og vassberarar for heile folket.» Og det vart som leiarane sa.

22. Josva kalla mennene frå Gibeon føre seg og sa til dei: «Kvifor narra de oss og sa at de bur langt borte? De bur då tett attmed oss.

23. No skal de vera forbanna. Ingen av dykk skal sleppa å vera træl. De skal hogga ved og bera vatn til huset åt min Gud.»