Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 9:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Alle kongane som budde vestanfor Jordan, i fjellbygdene, i Sjefela og langsmed heile havstranda opp mot Libanon, hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane, fekk høyra om det som hadde hendt.

2. Då samla dei seg alle som ein og ville strida mot Josva og israelittane.

3. Folket i Gibeon fekk òg høyra kva Josva hadde gjort med Jeriko og Ai.

4. Då greip dei til ei list: Dei gjekk bort og tok seg ferdakost, og på esla sine la dei gamle sekker og utslitne vinhiter, som var både sprokne og bøtte.

5. Dei hadde gamle, lappa skor på føtene og fillete klede på kroppen; og alt nistebrødet deira var turt og smuldra.

6. Såleis kom dei til Josva i leiren ved Gilgal og sa til han og israelittane: «Vi kjem frå eit land langt borte. Gjer no pakt med oss!»

7. Men Israels-mennene sa til hevittane: «De bur vel tett attmed oss. Korleis kan vi då gjera pakt med dykk?»

8. Då sa dei til Josva: «Vi er trælane dine.» Josva spurde: «Kven er de, og kvar kjem de frå?»

9. Dei svara: «Trælane dine er komne hit frå eit land langt borte, fordi det går ord om Herren din Gud. Vi har høyrt gjete han og alt det han gjorde i Egypt,