Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 8:7-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. skal de koma fram frå bakhaldet og ta byen. For no vil Herren dykkar Gud gje han i hendene dykkar.

8. Og når de har teke byen, skal de setja eld på han. De skal gjera som Herren har sagt. Dette byd eg dykk.»

9. Så sende Josva dei i veg, og dei gjekk av og la seg i bakhald mellom Betel og Ai, vestanfor Ai. Sjølv var Josva hjå folket den natta.

10. Morgonen etter stod Josva tidleg opp og mønstra hæren. Så fór han og dei eldste i Israel føre hæren opp til Ai.