Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 8:24-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Då israelittane hadde drepe alle Ai-buane som hadde sett etter dei ut i øydemarka, og fiendane var falne for sverd alle som ein, då vende israelittane attende til Ai og hogg ned dei som var der.

25. Den dagen fall det i alt tolv tusen, både menn og kvinner, alle som budde i Ai.

26. Josva tok ikkje til seg handa som han rette ut spydet med, før han hadde bannstøytt alle Ai-buane.

27. Berre feet og det hærfanget som israelittane tok i byen, eigna dei til seg, etter det påbodet Herren hadde gjeve Josva.

28. Josva brende Ai og gjorde han for alle tider til ein grushaug og ein øydestad, som han har vore til denne dag.

29. Kongen i Ai hengde han opp i eit tre, og der vart han hangande til kvelds. Då sola gladde, lét Josva dei ta liket ned frå treet. Dei kasta det framfor byporten og dyngde opp ei stor steinrøys over det; den har lege der til denne dag.

30. Den gongen bygde Josva eit altar for Herren, Israels Gud, på Ebal-fjellet.

31. Han gjorde det så som Moses, Herrens tenar, hadde sagt israelittane føre, og som det står skrive i lovboka åt Moses: eit altar av utilhogne steinar som det ikkje hadde vore brukt jern på. Der bar dei fram brennoffer for Herren og slakta måltidsoffer.

32. Og på steinane rita han inn, medan israelittane såg på, ei avskrift av den lova som Moses hadde skrive.