Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 6:6-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Då kalla Josva Nunsson prestane til seg og sa til dei: «Ta paktkista og lat sju prestar gå framføre Herrens kiste med kvar sitt stridshorn!»

7. Og til folket sa han: «Ta i veg og gå kring byen! Dei væpna mennene skal gå framføre Herrens kiste.»

8. Då Josva hadde sagt dette til folket, gjekk dei av stad, dei sju prestane som bar kvar sitt horn for Herrens åsyn. Dei bles i horna, og Herrens paktkiste fylgde etter.

9. Dei væpna mennene gjekk føre prestane som bles i horn, og dei som var attarst i flokken, fylgde etter kista, og horna ljoma alt i eitt.

10. Men Josva sa til folket: «De må ikkje ropa og ikkje gje lyd frå dykk. Ikkje eit ord må koma frå munnen dykkar før eg seier: Ropa no! Då skal de ropa.»

11. Så lét han dei bera Herrens paktkiste kring byen éin gong. Sidan drog dei inn i leiren og var der om natta.

12. Morgonen etter stod Josva tidleg opp, og prestane tok Herrens kiste mellom seg.

13. Dei sju prestane som bar kvar sitt horn, gjekk framføre kista og bles i horna alt i eitt. Dei væpna mennene gjekk føre dei, og dei som var attarst, fylgde etter Herrens kiste. Og heile tida ljoma horna.

14. Dagen etter gjekk dei òg éin gong kring byen og vende så attende til leiren. Så gjorde dei i seks dagar.

15. Den sjuande dagen stod dei opp med det same det tok til å dagast, og gjekk sju gonger kring byen. Dei bar seg like eins åt som før. Men den dagen gjekk dei sju gonger kring byen.

16. Då prestane bles i horna den sjuande gongen, sa Josva til folket: «Ropa no! For Herren har gjeve dykk byen.

17. Og byen og alt som er i han, skal vera bannlyst og høyra Herren til. Berre skjøkja Rahab og alle som er i huset hennar, skal få leva, fordi ho løynde dei mennene vi sende ut.

18. Akta dykk berre så de ikkje får hug på bannlyst gods og tek av det. For då legg de Israels-leiren under bann og fører han i ulukke.

19. Men alt sølvet og gullet og alle tinga av kopar og jern skal viast til Herren og koma i skattkammeret hans.»