Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 6:14-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Dagen etter gjekk dei òg éin gong kring byen og vende så attende til leiren. Så gjorde dei i seks dagar.

15. Den sjuande dagen stod dei opp med det same det tok til å dagast, og gjekk sju gonger kring byen. Dei bar seg like eins åt som før. Men den dagen gjekk dei sju gonger kring byen.

16. Då prestane bles i horna den sjuande gongen, sa Josva til folket: «Ropa no! For Herren har gjeve dykk byen.

17. Og byen og alt som er i han, skal vera bannlyst og høyra Herren til. Berre skjøkja Rahab og alle som er i huset hennar, skal få leva, fordi ho løynde dei mennene vi sende ut.

18. Akta dykk berre så de ikkje får hug på bannlyst gods og tek av det. For då legg de Israels-leiren under bann og fører han i ulukke.

19. Men alt sølvet og gullet og alle tinga av kopar og jern skal viast til Herren og koma i skattkammeret hans.»

20. Så tok folket til å ropa, og prestane bles i horna. Med det same folket høyrde hornlåten, sette dei i med eit sterkt rop. Då ramla muren ned, og folket gjekk rett inn i byen og tok han.

21. Dei bannstøytte alt som fanst der. Både menn og kvinner, unge og gamle, storfe, småfe og esel hogg dei ned med sverd.

22. Men Josva sa til dei to mennene som hadde speida ut landet: «Gå inn i huset åt skjøkja og før ut både kvinna og alt folket hennar, som de med eid har lova henne.»

23. Så gjekk dei inn, dei unge mennene som hadde vore der og speida, og dei henta Rahab og foreldra og brørne hennar og alle dei andre som høyrde henne til. Alt skyldfolket hennar tok dei med til ein stad utanfor Israels-leiren og lét dei vera der.