Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 6:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I Jeriko låste dei portane og stengde seg inne for israelittane skuld. Ingen gjekk ut, og ingen kom inn.

2. Då sa Herren til Josva: «Sjå, no gjev eg Jeriko med kongen og dei djerve krigarane hans i di hand.

3. Lat alle stridsmennene gå kring byen ein gong om dagen; så skal de gjera i seks dagar.

4. Og sju prestar skal gå framføre paktkista, kvar med sitt stridshorn. Men den sjuande dagen skal de gå sju gonger kring byen, og prestane skal blåsa i horna.

5. Så skal dei blåsa ein lang tone, og når de høyrer denne hornlåten, skal heile folket setja i eit sterkt krigsrop. Då skal muren ramla ned, så folket kan gå rett inn i byen.»

6. Då kalla Josva Nunsson prestane til seg og sa til dei: «Ta paktkista og lat sju prestar gå framføre Herrens kiste med kvar sitt stridshorn!»

7. Og til folket sa han: «Ta i veg og gå kring byen! Dei væpna mennene skal gå framføre Herrens kiste.»

8. Då Josva hadde sagt dette til folket, gjekk dei av stad, dei sju prestane som bar kvar sitt horn for Herrens åsyn. Dei bles i horna, og Herrens paktkiste fylgde etter.

9. Dei væpna mennene gjekk føre prestane som bles i horn, og dei som var attarst i flokken, fylgde etter kista, og horna ljoma alt i eitt.

10. Men Josva sa til folket: «De må ikkje ropa og ikkje gje lyd frå dykk. Ikkje eit ord må koma frå munnen dykkar før eg seier: Ropa no! Då skal de ropa.»

11. Så lét han dei bera Herrens paktkiste kring byen éin gong. Sidan drog dei inn i leiren og var der om natta.

12. Morgonen etter stod Josva tidleg opp, og prestane tok Herrens kiste mellom seg.