Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 4:13-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Om lag førti tusen velvæpna menn drog fram for Herrens åsyn til strid på Jeriko-moane.

14. Den dagen laga Herren det så at israelittane fekk stor vørdnad for Josva. Så lenge han levde, hadde dei like stor age for han som dei hadde hatt for Moses.

15. Herren sa til Josva:

16. «Sei til prestane som ber lovkista, at dei skal stiga opp or Jordan.»

17. Og Josva sa til prestane: «Stig opp or Jordan!»

18. Med det same prestane som bar Herrens paktkiste, steig opp or elva og sette foten på turt land, vende vatnet attende til det gamle lægjet sitt og gjekk over breddene alle stader, som det før hadde gjort.

19. Det var den tiande dagen i den fyrste månaden at folket steig opp or Jordan. Dei slo leir attmed Gilgal, lengst aust i Jeriko-bygda.

20. Og der i Gilgal reiste Josva dei tolv steinane som dei hadde teke med seg frå Jordan.