Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 24:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så samla Josva alle Israels-ættene i Sikem. Han kalla til seg dei eldste i Israel og hovdingane, domarane og tilsynsmennene deira. Dei steig fram for Guds åsyn,

2. og Josva tala til heile folket:Så seier Herren, Israels Gud: I gamle dagar budde fedrane dykkar, og mellom dei Tarah, far til Abraham og Nakor, på hi sida av Storelva, og dei dyrka framande gudar.

3. Men eg henta Abraham, ættefar dykkar, frå landet bortanfor Storelva og førte han gjennom heile Kanaan. Eg gav han mange etterkomarar. Han fekk sonen Isak,

4. og Isak fekk sønene Jakob og Esau. Esau lét eg få Se’ir-fjella til eigedom. Men Jakob og sønene hans fór ned til Egypt.

5. Sidan sende eg Moses og Aron. Eg slo egyptarane med dei plagene som eg sende mellom dei, og så førte eg dykk ut.

6. Då eg hadde ført fedrane dykkar ut or Egypt, kom dei til Sevsjøen. Men egyptarane sette etter dei og kom til sjøen med vogner og hestfolk.

7. Då ropa dei til Herren, og eg sende eit tett mørker mellom dykk og egyptarane. Eg lét sjøen slå saman over dei, og han gøymde dei. Med eigne augo såg de kva eg gjorde med egyptarane.Sidan var de lenge i øydemarka.