Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 22:6-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Så velsigna Josva dei og bad farvel med dei, og dei fór heim att til telta sine.

7. Moses hadde gjeve den eine halvparten av Manasse-ætta land i Basan. Og Josva hadde gjeve den andre halvparten land vestanfor Jordan saman med brørne deira. Som no Josva skildest med dei og velsigna dei,

8. sa han til dei: «No fer de heim att med store rikdomar, med mykje fe, med sølv og gull, kopar og jern og ei mengd med klede. Del no med landsmennene dykkar det hærfanget de har teke frå fienden!»

9. Så tok dei på heimveg, Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta. Dei skildest med dei andre israelittane i Sjilo i Kanaan og fór til sitt eige land, til Gilead, der dei hadde slege seg ned, så som Herren hadde lova gjennom Moses.

10. Då Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta kom til landet ved Jordan, i Kanaan, bygde dei eit altar der attmed Jordan, eit altar så stort at ein kunne sjå det langan lei.

11. Dei andre israelittane fekk høyra at desse ættene hadde bygt eit altar i landet ved Jordan, nær grensa mot Kanaan, på hi sida av det området som høyrde israelittane til.

12. Då dei høyrde det, samla heile folket seg i Sjilo og ville gå til krig mot dei.

13. Men fyrst sende israelittane Pinhas, son til presten Elasar, til Gilead, til Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta.