Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 22:18-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Og så vil de atter venda dykk bort frå Herren! Men set de dykk opp mot Herren i dag, kjem han i morgon til å la heile Israels-folket få kjenna sin harme.

19. Synest de at det er ureint, det landet de har fått til eigedom, så kom berre over til Herrens eige land, der Herrens bustad står, og få dykk eigedom mellom oss! Men set dykk ikkje opp mot Herren og mot oss, med di de byggjer dykk eit altar attåt altaret åt Herren vår Gud.

20. Kom ikkje Herrens harme over heile Israels-folket den gongen Akan Serahson fór med svik og tok av det som var bannlyst? Og han var ikkje den einaste som laut døy for det brotet han hadde gjort.

21. Då tok Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta til ords og sa til Israels ættehovdingar:

22. Herren, den mektige Gud, ja, Herren, den mektige Gud, han veit det, og Israel skal vita det: Det var ikkje i trass og truløyse mot Herren

23. vi bygde oss eit altar, og ikkje fordi vi ville venda oss bort frå Herren. Var det det, så gjev du ikkje må hjelpa oss i dag! Heller ikkje bygde vi det for å ofra brennoffer eller grødeoffer eller for å bera fram måltidsoffer på det. Var det så, då gjev at Herren må straffa oss for det!

24. Men det var ein ting vi var redde då vi gjorde dette: Vi tenkte at borna dykkar ein gong kunne koma til å seia til våre born: «Kva har de med Herren, Israels Gud, å gjera?

25. Har ikkje Herren sett Jordan til grense mellom oss og dykk, de Rubens- og Gads-søner! De har ingen del i Herren.» Såleis kunne borna dykkar få våre born til å halda opp med å ottast Herren.