Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 21:10-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Det var dei etterkomarane etter Aron som høyrde Kehat-ættene til og var levittar, som fekk dei. For loddet fall fyrst på dei.

11. Dei fekk Kirjat-Arba, den byen i Juda-fjella som heitte etter ættefaren til anakittane, og som vi no kallar Hebron, med beitemarkene rundt ikring.

12. Men bymarka og landsbyane som høyrde til, gav dei Kaleb Jefunneson til odel og eige.

13. Dei som var ætta frå Aron, presten, fekk desse byane: Hebron, som var fristad for drapsmenn, og Libna,

14. Jattir, Esjtemoa,

15. Holon, Debir,

16. Ajin, Jutta og Bet-Sjemesj. Frå desse to ættene var det ni byar med beitemarkene som høyrde til.

17. Frå Benjamins-ætta fekk dei Gibeon, Geba,

18. Anatot og Almon, fire byar med beitemarkene som høyrde til.

19. Såleis fekk Arons-sønene, prestane, i alt tretten byar med beitemarker attåt.

20. Dei andre levittane som høyrde Kehat-ættene til, fekk ved loddkasting nokre byar frå Efraims-ætta.

21. Dei fekk Sikem i Efraims-fjella, som var fristad for drapsmenn, og Geser,

22. Kibsajim og Bet-Horon, fire byar med beitemarkene som høyrde til.

23. Frå Dans-ætta fekk dei Elteke, Gibbeton,

24. Ajjalon og Gat-Rimmon, fire byar med beitemarkene som høyrde til.

25. Frå den eine halvparten av Manasse-ætta fekk dei Ta’anak og Jibleam, to byar med beitemarkene som høyrde til.

26. Det var i alt ti byar med beitemarker attåt som dei andre Kehat-ættene fekk.

27. Dei levittane som høyrde Gersjon-ættene til, fekk frå den andre halvparten av Manasse-ætta Galon i Basan, som var fristad for drapsmenn, og Be’esjtera, to byar med beitemarkene som høyrde til.