Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 2:18-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Når vi kjem inn i landet, skal du binda denne raude snora i vindauga som du firte oss ned frå, og så skal du samla foreldra og brørne dine og alt folket ditt her i huset hjå deg.

19. Går då nokon ut gjennom husdøra di, er det hans eiga skuld om han vert drepen; vi er skuldlause. Men vert det lagt hand på nokon av dei som er inne hjå deg, skal vi svara for livet hans.

20. Og talar du til nokon om ærendet vårt, er vi løyste frå den eiden du tok av oss.»

21. Ho svara: «Det skal vera som de seier.» Så bad ho farvel med dei, og dei fór av stad. Og ho batt den raude snora i vindauga.

22. Mennene gjekk til dei kom opp i fjellet. Der heldt dei seg i tre dagar, til dei som hadde sett etter dei, var attkomne. Dei hadde leita heile vegen, men ingen funne.

23. Så tok dei to mennene på heimvegen. Dei gjekk ned frå fjellet, sette over elva og kom til Josva Nunsson. Dei fortalde alt det som hadde hendt dei,

24. og sa til Josva: «Herren har gjeve heile landet i våre hender, og alle som bur der, er så redde oss at dei skjelv.»