Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 19:6-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Bet-Lebaot og Sjaruhen, tretten byar med landsbyar,

7. og Ajin, Rimmon, Eter og Asjan, fire byar med landsbyar,

8. og alle landsbyane som låg ikring desse byane, heilt til Ba’alat-Be’er, Rama i Negev. Dette var det landet Simeons-sønene og ættgreinene deira fekk.

9. Landet deira høyrde Juda til. Den delen som fall på Juda-sønene, var for stor for dei. Difor fekk Simeons-sønene landet sitt midt i deira.

10. Det tredje loddet fall på Sebulons-sønene og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, rakk til Sarid.

11. Grensa deira gjekk vestover opp til Marala, heldt fram langs Dabbesjet og nådde den elva som renn austanfor Jokneam.

12. Frå Sarid svinga ho austover, mot soloppgangen, bort imot Kislot-Tabor-bygda, gjekk så til Daberat og opp til Jafia.

13. Derifrå tok ho austover til Gat-Hefer og Et-Kasin, heldt fram til Rimmon og svinga så bort til Hannea.

14. Så bøygde ho nordover til Hannaton og enda i Jiftah-El-dalen.

15. Sebulon fekk byane Kattat, Nahalal, Sjimron, Jidala og Betlehem, i alt tolv byar med landsbyar.

16. Dette var det landet Sebulons-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar.

17. Det fjerde loddet fall på Jissakar, på Jissakars-sønene og ættgreinene deira.