Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 19:38-50 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

38. Jiron, Migdal-El, Horem, Bet-Anat og Bet-Sjemesj, i alt nitten byar med landsbyar.

39. Dette var det landet Naftali-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar.

40. Det sjuande loddet fall på Dans-sønene og ættgreinene deira.

41. I landet deira låg desse byane: Sora, Esjta’ol, Ir-Sjemesj,

42. Sja’alabbin, Ajjalon, Jitla,

43. Elon, Timna, Ekron,

44. Elteke, Gibbeton, Ba’alat,

45. Jehud, Bene-Berak, Gat-Rimmon,

46. Me-Hajjarkon, Harakkon og landet bort imot Jaffa.

47. Men det vart for trongt for Dans-sønene i landet deira. Difor drog dei opp til Lesjem, gjekk til åtak på byen og tok han. Dei drap folket i Lesjem med sverd, la byen under seg og busette seg der. I staden for Lesjem kalla dei han Dan etter ættefar sin.

48. Dette var det landet Dans-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar.

49. Då israelittane vel hadde skift ut landet, stykke for stykke, lét dei Josva Nunsson få ei odelseige mellom seg.

50. Dei gjorde som Herren hadde sagt, og gav han den byen han bad om, Timnat-Serah på Efraims-fjellet. Han bygde byen opp att og busette seg der.