Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 19:28-46 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Så heldt ho fram til Ebron, Rehob, Hammon og Kana, og heilt bort til Stor-Sidon.

29. Der svinga ho mot Rama og heldt fram til Tyrus-borga. Så gjekk ho i ein boge om Hosa og nådde ut til havet. Her låg byane Mehalleb, Aksib,

30. Umma, Afek og Rehob, i alt tjueto byar med landsbyar.

31. Dette var det landet Asjers-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar.

32. Det sjette loddet fall på Naftali, Naftali-sønene og ættgreinene deira.

33. Det landet dei fekk, nådde frå Helef, frå Sa’anannim-eika, om Adami-Hannekeb og Jabne’el, heldt fram til Lakkum og gjekk ut i Jordan.

34. Der svinga grensa mot vest til Asnot-Tabor og heldt fram til Hukkok. I sør grensa landet til Sebulon, i vest til Asjer, og i aust var Jordan grensa.

35. I Naftali låg desse festningsbyane: Hassiddim, Ser, Hammat, Rakkat, Kinneret,

36. Adama, Rama, Hasor,

37. Kedesj, Edre’i, En-Hasor,

38. Jiron, Migdal-El, Horem, Bet-Anat og Bet-Sjemesj, i alt nitten byar med landsbyar.

39. Dette var det landet Naftali-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar.

40. Det sjuande loddet fall på Dans-sønene og ættgreinene deira.

41. I landet deira låg desse byane: Sora, Esjta’ol, Ir-Sjemesj,

42. Sja’alabbin, Ajjalon, Jitla,

43. Elon, Timna, Ekron,

44. Elteke, Gibbeton, Ba’alat,

45. Jehud, Bene-Berak, Gat-Rimmon,

46. Me-Hajjarkon, Harakkon og landet bort imot Jaffa.