Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 19:20-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Harabbit, Kisjon, Ebes,

21. Remet, En-Gannim, En-Hadda og Bet-Passes.

22. Grensa gjekk frammed Tabor, Sjahasima og Bet-Sjemesj og enda i Jordan. I alt var det seksten byar med landsbyar.

23. Dette var det landet Jissakars-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar.

24. Det femte loddet fall på Asjers-sønene og ættgreinene deira.

25. I landet deira låg desse byane: Helkat, Hali, Beten, Aksjaf,

26. Alammelek, Amad og Misjal. Grensa nådde i vest til Karmel og Sjikor-Libnat.

27. Der svinga ho austover til Bet-Dagon, nådde til Sebulon, heldt fram nordover til Jiftah-El-dalen, så til Bet-Ha’emek og Ne’iel og til Kabul i nord.

28. Så heldt ho fram til Ebron, Rehob, Hammon og Kana, og heilt bort til Stor-Sidon.

29. Der svinga ho mot Rama og heldt fram til Tyrus-borga. Så gjekk ho i ein boge om Hosa og nådde ut til havet. Her låg byane Mehalleb, Aksib,

30. Umma, Afek og Rehob, i alt tjueto byar med landsbyar.

31. Dette var det landet Asjers-sønene og ættgreinene deira fekk, med byar og landsbyar.

32. Det sjette loddet fall på Naftali, Naftali-sønene og ættgreinene deira.

33. Det landet dei fekk, nådde frå Helef, frå Sa’anannim-eika, om Adami-Hannekeb og Jabne’el, heldt fram til Lakkum og gjekk ut i Jordan.