Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 19:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Det andre loddet fall på Simeons-ætta, på Simeons-sønene og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, låg midt i Juda-landet.

2. Desse byane vart deira: Be’er-Sjeba, Sjeba, Molada,

3. Hasar-Sjual, Bala, Esem,

4. Eltolad, Betul, Horma,

5. Siklag, Bet-Hammarkabot, Hasar-Susa,

6. Bet-Lebaot og Sjaruhen, tretten byar med landsbyar,

7. og Ajin, Rimmon, Eter og Asjan, fire byar med landsbyar,

8. og alle landsbyane som låg ikring desse byane, heilt til Ba’alat-Be’er, Rama i Negev. Dette var det landet Simeons-sønene og ættgreinene deira fekk.

9. Landet deira høyrde Juda til. Den delen som fall på Juda-sønene, var for stor for dei. Difor fekk Simeons-sønene landet sitt midt i deira.

10. Det tredje loddet fall på Sebulons-sønene og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, rakk til Sarid.