Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 18:5-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Så skal dei dela landet i sju. Juda-ætta skal verta verande i det landet ho har fått der sør, og Josefs-ættene i sitt land her nord.

6. Men de skal setja opp ei liste over alt det som finst i dei sju landslutene og koma hit til meg med. Så skal eg kasta lodd for dykk for Herren vår Guds åsyn.

7. For levittane skal ikkje ha nokon del saman med dykk; Herrens prestedøme er deira arv. Og Gad og Ruben og halve Manasse-ætta har alt fått sitt land austanfor Jordan, det landet som Moses, Herrens tenar, gav dei.»

8. Så gjorde dei seg ferdige, dei mennene som skulle fara i veg og skriva opp det dei såg i landet, og Josva sa til dei: «Far ikring i landet og skriv opp alt de ser! Kom så attende til meg, så skal eg kasta lodd for dykk her for Herren vår Guds åsyn.»

9. Dermed tok mennene av stad og fór ikring i heile landet. Dei skreiv opp by for by i ei liste i sju bolkar. Så kom dei attende til Josva i leiren ved Sjilo.

10. Og Josva kasta lodd for dei der, for Herrens åsyn. Han skifte landet mellom israelittane; kvar ætt fekk sin del.

11. Det fyrste loddet fall på Benjamins-sønene og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, låg mellom Juda-sønene og Josefs-sønene.

12. Landegrensa deira på nordsida gjekk ut frå Jordan og oppover til åsen nordanfor Jeriko og så vestover fjellet fram til øydemarka ved Bet-Aven.

13. Derifrå heldt ho fram sørover mot Lus, til høgdedraget ved Lus, som no heiter Betel, og gjekk så ned til Atrot-Addar, over det fjellet som ligg sør for Nedre Bet-Horon.

14. Så svinga ho og gjekk sørover i ein boge på vestsida av fjellet sør for Bet-Horon, til ho enda i Kirjat-Ba’al, ein by som høyrer Juda til; no heiter han Kirjat-Jearim. Dette var vestgrensa.

15. På sørsida gjekk grensa frå utkanten av Kirjat-Jearim vestover til Neftoah-kjelda.

16. Så gjekk ho ned til foten av det fjellet som ligg midt for Hinnom-dalen, nordanfor Refa’im-dalen. Derifrå heldt ho fram gjennom Hinnom-dalen på sørsida av Jebusitt-åsen ned til Rogel-kjelda.

17. Der svinga ho mot nord, gjekk fram til Sjemesj-kjelda og til Gelilot, som ligg midt for Adummim-skaret, og så ned til Bohan-steinen, som heiter etter Bohan, son til Ruben.