Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 16:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Den delen av landet som fall på Josefs-sønene, tok til bortmed Jordan-elva, der ho renn framom Jeriko. Grensa gjekk austanfor Jeriko-kjelda, gjennom øydemarka som frå Jeriko stig opp i fjellet til Betel.

2. Frå Betel heldt ho fram til Lus og så gjennom arkittlandet til Atarot.

3. Der tok ho vestover til jafletittlandet, heldt fram til Nedre Bet-Horon og Geser og enda utmed havet.

4. Dette landet var det Josefs-sønene, Manasse og Efraim, fekk til odel og eige.

5. Såleis låg det til, det landet som Efraims-sønene og ættgreinene deira fekk: I aust gjekk landegrensa deira frammed Atrot-Adar, heldt fram til Øvre Bet-Horon

6. og enda utmed havet. I nord gjekk grensa ved Mikmetat; så svinga ho austover til Ta’anat-Sjilo og heldt fram mot aust til Janoah.

7. Frå Janoah gjekk ho ned til Atarot og Na’ara og beint framom Jeriko til Jordan.