Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 1:7-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Ver berre djerv og sterk, og legg vinn på å leva etter heile den lova som Moses, tenaren min, baud deg å halda. Vik ikkje av frå den, korkje til høgre eller venstre. Då skal du ha lukke med deg i all di ferd.

8. Ha alltid denne lova på tunga, og grunda på henne dag og natt, så du legg vinn på å leva etter alt det som står skrive i lovboka. Då skal du ha hell med deg der du ferdast, og det skal gå deg vel.

9. Eg har då sagt deg: Ver djerv og sterk! Lat deg ikkje skræma, og miss ikkje motet! For Herren din Gud er med deg i alt du tek deg føre.

10. Då gav Josva tilsynsmennene i folket dette påbodet:

11. «Gå gjennom leiren og sei til folket: No må de laga til ferdakost. For om tre dagar skal de fara over Jordan og inn i det landet Herren dykkar Gud vil gje dykk, og leggja det under dykk.»

12. Til Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta sa Josva:

13. «Kom i hug kva Moses, Herrens tenar, baud dykk då han sa: Herren dykkar Gud vil at de skal koma til ro; difor gjev han dykk dette landet.