Bibelen 1978-85 Nynorsk

Josva 1:13-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. «Kom i hug kva Moses, Herrens tenar, baud dykk då han sa: Herren dykkar Gud vil at de skal koma til ro; difor gjev han dykk dette landet.

14. Konene og borna og buskapen skal vera att i det landet Moses har gjeve dykk austanfor Jordan. Men alle våpenføre menn mellom dykk lyt fara fullt budde føre landsmennene sine og hjelpa dei i striden.

15. Fyrst når Herren har late dei koma til ro liksom de, og dei har lagt under seg det landet Herren dykkar Gud vil gje dei, skal de fara heim att og ta dykkar eige land, det som Moses, Herrens tenar, har gjeve dykk her på austsida av Jordan.»

16. Då svara dei Josva: «Alt det du har sagt oss, skal vi gjera, og kvar du sender oss, skal vi gå.

17. Liksom vi lydde Moses i alle ting, såleis vil vi lyda deg òg. Gjev Herren din Gud må vera med deg, liksom han var med Moses.