Bibelen 1978-85 Nynorsk

Haggai 2:15-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Men no, legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter! Før de la stein på stein i Herrens tempel,

16. korleis gjekk det dykk då? Kom nokon til ein kornhaug der det skulle vera tjue mål, fann han berre ti; kom nokon til ein pressekum og ville ausa opp femti spann, vart det berre tjue.

17. Eg slo dykk med kornbrann og rust, med hagl over alt dykkar arbeid. Men ingen av dykk kom til meg, lyder ordet frå Herren.

18. Legg merke til det som hender frå denne dagen og frametter, frå den 24. dagen i den niande månaden, frå den dagen då grunnsteinen til Herrens tempel vart lagd! Legg merke til

19. om såkornet framleis er i kornkummen, og om vintreet og fikentreet, granatapalen og oliventreet framleis er utan frukt.Frå i dag vil eg velsigna.

20. Andre gongen kom Herrens ord til Haggai den 24. dagen i same månaden, og det lydde så:

21. Sei til Serubabel, statthaldaren i Juda:Eg vil skaka himmel og jord.

22. Eg vil støyta ned kongsstolarog gjera ende ¬på mektige kongerikemellom folkeslaga.Eg vil øydeleggja ¬stridsvogneneog dei som køyrer dei.Hestar og hestfolk skal stupa;den eine skal falla ¬for sverdet åt den andre.