Bibelen 1978-85 Nynorsk

Haggai 1:1-4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det andre styringsåret åt kong Dareios, den fyrste dagen i den sjette månaden, kom Herrens ord ved profeten Haggai til Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og det lydde så:

2. Så seier Herren, Allhærs Gud: Dette folket seier: «Enno er ikkje tida komen til å byggja Herrens hus.»

3. Då kom Herrens ord ved profeten Haggai:

4. Er det tid for dykktil å bu i bordkledde husså lenge templet ligg i røys?