Bibelen 1978-85 Nynorsk

Haggai 1:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I det andre styringsåret åt kong Dareios, den fyrste dagen i den sjette månaden, kom Herrens ord ved profeten Haggai til Serubabel Sjealtielsson, statthaldaren i Juda, og til Josva Jehosadaksson, øvstepresten, og det lydde så:

2. Så seier Herren, Allhærs Gud: Dette folket seier: «Enno er ikkje tida komen til å byggja Herrens hus.»

3. Då kom Herrens ord ved profeten Haggai:

4. Er det tid for dykktil å bu i bordkledde husså lenge templet ligg i røys?

5. No seier Herren, Allhærs Gud:Legg merke til ¬korleis det går dykk!

6. De sår mykje, men haustar lite;de et, men vert ikkje mette;de drikk, ¬men sløkkjer ikkje torsten;de kler dykk, ¬men vert ikkje varme;og leigekaren får si løni ein botnlaus pung.

7. Så seier Herren, Allhærs Gud:Legg merke til ¬korleis det går dykk!

8. Far opp i fjellet ¬og henta tømmer!Bygg templet, ¬så vil eg ha hugnad i detog visa min herlegdom der, ¬seier Herren.

9. De ventar mykje, ¬men sjå, det vert lite.De får det i hus, ¬men eg blæs det bort.Kvifor? seier Herren, ¬Allhærs Gud.Fordi mitt tempel ligg i røys,medan de har det annsamtkvar med sitt eige hus.

10. Difor held himmelen ¬dogga att,og jorda gjev ikkje grøde.