Bibelen 1978-85 Nynorsk

Dommarane 5:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Den dagen song Debora og Barak Abinoamsson dette kvadet:

2. Israels hovdingar ¬budde seg til strid,og folket møtte viljug fram.Lova Herren!

3. Høyr, de kongar! ¬Lyd etter, de hovdingar!Eg vil syngja for Herren,syngja og spela for Israels Gud.

4. Herre, då du gjekk ut frå Se’ir,då du skreid fram ¬frå Edoms-marka,då riste jorda, ¬og himmelen draup,vatnet strøymde frå skyene.

5. Fjella skalv for Herren,ja, Sinai skalv for Herren, ¬Israels Gud.

6. I Sjamgars, Anat-sonens, dagar,i Jaels tid, låg vegane aude.Ferdafolk laut fara ¬utanfor allfarveg.

7. Det fanst ingen førar i Israelfør eg, Debora, stod fram,før eg stod fram, ei mor i Israel.

8. Dei valde seg nye gudar.Då stod det strid i portane.Men kvar såg ein skjold og spydhjå dei førti tusen i Israel?

9. Mitt hjarta bankar ¬for Israels hovdingar,for folket som viljug møtte fram.Lova Herren!

10. Tenk etter, ¬de som rid på blakke esel,de som sit på dyre teppe,og de som vandrar etter vegen.

11. Høyr kor dei jublar,dei som deler hærfang ¬attmed brunnane.Der prisar dei ¬Herrens rettferdsverk,hans frelsesverk ¬mot folket i Israel.Då steig Herrens folk ¬ned til portane.