Bibelen 1978-85 Nynorsk

Dommarane 3:29-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Den gongen felte dei ti tusen moabittar, alle sterke og djerve menn; ikkje ein kom seg unna.

30. Den dagen laut Moab bøya seg under Israels velde, og sidan hadde landet fred i åtti år.

31. Etter Ehud kom Sjamgar, son til Anat. Han felte seks hundre mann av filistarane med piggstaven åt ein oksedrivar. Han òg berga Israel.