Bibelen 1978-85 Nynorsk

Dommarane 3:19-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Men sjølv snudde han ved biletstøttene attmed Gilgal, fór attende og sa: «Eg har eit løyndarbod til deg, konge.» «Hysj!» sa kongen. Så gjekk dei ut, alle som stod kringom han.

20. Som no kongen sat åleine i den svale takstova si, gjekk Ehud inn til han og sa: «Eg har eit ord til deg frå Gud.» Då reiste kongen seg frå stolen.

21. I det same rette Ehud ut venstre handa, greip sverdet som han bar ved høgre sida, og rende det i livet på han,

22. så skaftet fylgde bladet inn. Og feittet gjekk i hop kring bladet; for han drog ikkje sverdet ut att or livet hans; det stakk ut på baksida.

23. Så gjekk Ehud ut i svalgangen, lét att takstove-døra etter seg og låste henne.

24. Då han hadde gått sin veg, kom tenarane til kongen. Og då dei såg at døra til takstova var låst, tenkte dei: «Han har vel eit ærend i det svale kammeret.»

25. Dei venta til dei var reint skamfulle. Men då han ikkje opna døra til takstova, tok dei nykelen og låste opp. Då fekk dei sjå at herren deira låg livlaus på golvet.

26. Medan tenarane venta, slapp Ehud unna. Han fór framom biletstøttene og nådde Se’ira.