Bibelen 1978-85 Nynorsk

Dommarane 3:18-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Då Ehud hadde gjeve frå seg gåvene, lét han folka som hadde bore dei, fara heim.

19. Men sjølv snudde han ved biletstøttene attmed Gilgal, fór attende og sa: «Eg har eit løyndarbod til deg, konge.» «Hysj!» sa kongen. Så gjekk dei ut, alle som stod kringom han.

20. Som no kongen sat åleine i den svale takstova si, gjekk Ehud inn til han og sa: «Eg har eit ord til deg frå Gud.» Då reiste kongen seg frå stolen.

21. I det same rette Ehud ut venstre handa, greip sverdet som han bar ved høgre sida, og rende det i livet på han,

22. så skaftet fylgde bladet inn. Og feittet gjekk i hop kring bladet; for han drog ikkje sverdet ut att or livet hans; det stakk ut på baksida.

23. Så gjekk Ehud ut i svalgangen, lét att takstove-døra etter seg og låste henne.

24. Då han hadde gått sin veg, kom tenarane til kongen. Og då dei såg at døra til takstova var låst, tenkte dei: «Han har vel eit ærend i det svale kammeret.»

25. Dei venta til dei var reint skamfulle. Men då han ikkje opna døra til takstova, tok dei nykelen og låste opp. Då fekk dei sjå at herren deira låg livlaus på golvet.

26. Medan tenarane venta, slapp Ehud unna. Han fór framom biletstøttene og nådde Se’ira.

27. Då han kom til Efraims-fjella, bles han i hornet. Og israelittane fylgde han ned frå fjellet; sjølv gjekk han føre dei.

28. «Skunda dykk etter meg!» sa han til dei. «For Herren har gjeve fiendane dykkar, moabittane, i hendene dykkar.» Så fylgde dei han ned og tok vadestadene over Jordan og stengde dei for moabittane. Dei lét ikkje ein einaste sleppa over.

29. Den gongen felte dei ti tusen moabittar, alle sterke og djerve menn; ikkje ein kom seg unna.

30. Den dagen laut Moab bøya seg under Israels velde, og sidan hadde landet fred i åtti år.

31. Etter Ehud kom Sjamgar, son til Anat. Han felte seks hundre mann av filistarane med piggstaven åt ein oksedrivar. Han òg berga Israel.