Bibelen 1978-85 Nynorsk

Dommarane 3:12-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Israelittane heldt fram med å gjera det som vondt var i Herrens augo. Då gav Herren Eglon, kongen i Moab, makt over dei, fordi dei gjorde det som vondt var i Herrens augo.

13. Han fekk med seg ammonittane og amalekittane. Så drog han ut og slo Israel, og dei tok Palmebyen.

14. Israelittane laut tena Eglon, Moab-kongen, i atten år.

15. Då ropa israelittane til Herren, og Herren lét ein bergingsmann stå fram imellom dei. Det var Ehud Gerason av Benjamins-ætta, ein keivhendt mann. Israelittane sende ein gong Ehud med gåver til Eglon, kongen i Moab.

16. Då laga han seg eit tvieggja sverd som var ei alen langt, og spente det på seg under kleda, på høgre sida.

17. Så førte han gåvene fram for Eglon, Moab-kongen, som var ein svært tjukk mann.

18. Då Ehud hadde gjeve frå seg gåvene, lét han folka som hadde bore dei, fara heim.

19. Men sjølv snudde han ved biletstøttene attmed Gilgal, fór attende og sa: «Eg har eit løyndarbod til deg, konge.» «Hysj!» sa kongen. Så gjekk dei ut, alle som stod kringom han.