Bibelen 1978-85 Nynorsk

Dommarane 21:5-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Så sa israelittane: «Kven var det av alle Israels-ættene som ikkje kom opp til Herren saman med lyden?» For dei hadde svore ein dyr eid at den som ikkje kom opp til Herren i Mispa, skulle lata livet.

6. Israelittane syrgde over frendane sine i Benjamin og sa: «I dag er ei ætt hoggen bort av Israel.

7. Kva skal vi gjera for dei som er att, så dei kan få seg koner? Vi har då svore ved Herren at vi ikkje vil gje dei av døtrene våre.»

8. Så spurde dei: «Fanst det ei ætt i Israel som ikkje kom opp til Herren i Mispa?» Då synte det seg at frå Jabesj i Gilead var ingen komen til møtet i leiren.

9. Folket vart mønstra, men det fanst ikkje nokon av mennene frå Jabesj i Gilead der.

10. Israels-lyden sende då tolv tusen stridsmenn dit og sa til dei: «Far av stad og hogg ned Jabesj-buane i Gilead, kvinner og born òg.

11. Høyr no kva de skal gjera: Alle menn og alle kvinner som har lege med menn, skal de bannstøyta.»

12. Då fann dei mellom Jabesj-buane i Gilead fire hundre ungmøyar som ikkje hadde tilhøyrt eller lege med menn. Og dei tok dei med seg til leiren i Sjilo i Kanaan.

13. Så sende heile lyden bod til dei Benjamins-mennene som var på Rimmon-berget, og lova dei fred.

14. Då kom Benjamins-mennene att med ein gong, og israelittane lét dei få dei kvinnene som dei hadde spart av Jabesj-folket i Gilead. Men det vart ikkje nok til dei.

15. Folket syrgde endå over Benjamin; for Herren hadde hogge eit skar i Israels-folket.

16. Då sa dei eldste i lyden: «Kva skal vi gjera for dei som er att, så dei kan få seg koner når kvinnene i Benjamins-ætta er utrudde?»

17. Og dei sa: «Korleis skal dei som er att av Benjamin, kunna halda fram så ikkje ei heil ætt av Israel går til grunne?