Bibelen 1978-85 Nynorsk

Dommarane 21:24-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. På same tid drog israelittane òg bort derifrå, kvar til si bygd og si ætt; kvar fór heim til sin odel.

25. I dei dagar var det ingen konge i Israel. Kvar gjorde som han sjølv fann for godt.