Bibelen 1978-85 Nynorsk

Dommarane 21:20-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. «Far dit,» sa dei til Benjamins-mennene, «og legg dykk på lur i vingardane!

21. Når de då ser at ungmøyane i Sjilo kjem ut og trør dansen, skal de springa fram or vingardane og rana dykk kvar si brur mellom Sjilo-møyane, og så fara heim att til Benjamins-landet.

22. Og når fedrane deira eller brørne deira kjem og klagar på dykk, skal de seia til dei: Kjære, unn oss desse møyane! For det er ikkje i strid vi har teke kvar si kone. Og de har ikkje gjeve oss dei; elles hadde det no kvilt skuld på dykk.»

23. Benjamins-mennene gjorde så. Dei henta seg kvar si brur som dei rana mellom møyane på dansarvollen. Så fór dei heim att til odelslandet sitt. Dei bygde opp att byane og vart buande der.

24. På same tid drog israelittane òg bort derifrå, kvar til si bygd og si ætt; kvar fór heim til sin odel.

25. I dei dagar var det ingen konge i Israel. Kvar gjorde som han sjølv fann for godt.