Bibelen 1978-85 Nynorsk

Dommarane 21:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I Mispa hadde israelittane svore at ingen av dei skulle gje dotter si til ein mann av Benjamin.

2. Men då folket kom til Betel, sat dei der for Guds åsyn heilt til kvelds. Dei gret høgt

3. og sa: «Herre, Israels Gud, kvifor skulle dette henda i Israel, så vi i dag må sakna ei heil ætt av israelittar?»

4. Tidleg neste morgon bygde folket eit altar der og bar fram brennoffer og måltidsoffer.

5. Så sa israelittane: «Kven var det av alle Israels-ættene som ikkje kom opp til Herren saman med lyden?» For dei hadde svore ein dyr eid at den som ikkje kom opp til Herren i Mispa, skulle lata livet.

6. Israelittane syrgde over frendane sine i Benjamin og sa: «I dag er ei ætt hoggen bort av Israel.

7. Kva skal vi gjera for dei som er att, så dei kan få seg koner? Vi har då svore ved Herren at vi ikkje vil gje dei av døtrene våre.»

8. Så spurde dei: «Fanst det ei ætt i Israel som ikkje kom opp til Herren i Mispa?» Då synte det seg at frå Jabesj i Gilead var ingen komen til møtet i leiren.

9. Folket vart mønstra, men det fanst ikkje nokon av mennene frå Jabesj i Gilead der.

10. Israels-lyden sende då tolv tusen stridsmenn dit og sa til dei: «Far av stad og hogg ned Jabesj-buane i Gilead, kvinner og born òg.