Bibelen 1978-85 Nynorsk

Dommarane 20:40-47 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

40. Men så tok røyken til å stiga opp frå byen som ei søyle. Og då Benjamins-mennene snudde seg, fekk dei sjå at heile byen stod i loge, som slo opp mot himmelen.

41. I det same vende israelittane om. Då vart Benjamins-mennene forfærde; for dei såg at ulukka var tett innpå dei.

42. For å sleppa unna israelittane snudde dei og tok vegen mot øydemarka. Men striden fylgde dei i hælane, og snart var dei som kom frå byane, midt imellom dei og gjorde ende på dei.

43. Israelittane ringa Benjamins-mennene inne, forfylgde dei og trakka dei ned når dei måtte kvila, heilt til dei var beint i aust for Gibea.

44. Det fall atten tusen mann av Benjamins-ætta, alle saman djerve stridsmenn.

45. Dei andre snudde om og rømde ut i øydemarka, til Rimmon-berget. Av dei som var att, felte israelittane endå fem tusen mann på landevegane. Så sette dei etter resten heilt til Gideom og hogg ned to tusen til.

46. I alt var det tjuefem tusen våpenføre menn av Benjamin som fall den dagen; alle desse var djerve stridsmenn.

47. Seks hundre mann som hadde snutt og rømt ut i øydemarka, til Rimmon-berget, heldt til der i fire månader.